Velsvikskåla
Velsvikskåla på Lauvstad/Velsvik har mange namn.... , men Velsvikskåla er vist ikkje eit av dei..... (?!!) Veten er eit namn på fjellet, Sandfjellet eit anna, men Velsvikskåla er kun sjølve skåla nedom toppen iflg. nokre av dei lokalkjende/innfødde vi trefte....
Søndag 16 oktober var vi ein tur opp på dette fjellet Vi køyrde fram på Ulvestadsætra. Derifrå fann vi ei rås som gjekk inn mot skaret heilt inne i dalen. Vi følgde råsa ganske langt innover og gjekk så skrått inn mot skaret på høgresida av dalen. Derifrå gjekk vi opp på eine av fortoppane , vidare inn til høgre og så følgde vi ryggen til toppen.....
Flott tur, flott vær og flott utsikt !