Årseterhornet og Kjeringa
Søndag 10.juni var ein flott dag for ein fjeltur. Me køyrde opp på Fyldalheida, gjekk inn i Ljosådalen og derifrå opp på Årseterhornet, eller Årsetrehonnjet som me seie. Me gjekk først ut på nederste kanten av hornet og fekk flott utsikt utover Follestaddalen og ned i dei store gjela som sender fonnene ned heimanfor Årsetra. Så gjekk me opp på høgaste toppen av Årseterhornet. Flott utsikt også der. Videre gjekk vmeryggen bortover eit stykke før me heldt gjekk ned på snøen på heimsida av hornet og bort på ryggen opp mot skaret mellom Årseterhornet. Litt mykje snø i råsa bort mot skaret, men me kom oss iallefall opp på skaret og ned på breen på Romedalssida. Fin snø å gå på bort til under toppen der det stort sett var tøya til topps....
Flott tur!
Ljosådalen og Årseterhornet |
Ljosådalen |
Snart komne opp på ryggen av Årseterhornet |
Utsikt mot Follestaddalfjell |
Romedalstinden, Kolås- tinden og Øyadalen |
Jan Pederet på nederste kanten av Årseterhornet |
Gjela ovanfor Årsetra |
Heimste delen av Follestaddalen |
Kjeriga og Høgehornet |
Utsikt frå toppen av Årseter- hornet, Sandhornet, Saudehornet og Vassdalstinden |
Fugl var det også i fjellet... |
Mossætra/Vallasætra |
Snart oppe på skaret mellom Årseterhornet og Kjeringa |
Mykje snø øverst i Tverådalen |
Kjeringa |
Nesten oppe på Kjeringa |
Utsikt frå Kjeringa |
Molladalstindane, Romedals- tinden, Høgehornet (fremst) og Kolåstinden |
Jan Peder nyt livet på toppen av Kjeringa |
Langedalen, mot Ørsta |
Mossætra/Vallasætra |
Bjønnasaret og Vartdal |
Langedalen mot Ørstaskaret |
På veg nedatt frå Kjeringa |
Årseterhornet |
På veg ned i Ljosådalen |