Dukhornet, 1412 m.o.h.

Laurdag 30 juni var eg og Jan Peder på Dukhornet. 

 

Vi køyrde bomvegen opp frå Finnes i Hjørundfjorden.  Vi køyrde eit stykke forbi nokre sel/sommarfjøs og parkerte der.   Vi fann ikkje noko rås og gjekk opp gjennom tett krattskog og stein og blom..... saman med ca 60.000 fluger (Jan Peder påstod iallefall at det var så mange.....). Skikkelig plagsomme var flugene også, sikkert sjeldan dei såg folk og prøvde å få oss til å snu nedatt.....  Vel oppom krattskogen kom vi inn i Russedalen, og vi tok til venstre opp på ryggen og følgde denne heile vegen til toppen.  Flugene vart igjen opp i Russedalen og venta på oss til vi kom nedatt...

Utsikta frå toppen var flott. Vi såg både Ørsta, Kolåstinden, Bondalen og alle dei flotte Hjøriundfjordfjella rundt Bjørke og Viddal.

 

Det låg mykje snø i fjellet enno, så returen ned i botnen av Russadalen gjekk fort unna på snøen.  Gjekk ned på snøen tett nedanfor toppen og skleid på føtene heilt ned i botnen av Russadalen.

 

Tilbake til heimesida

Tilbake til fjellbilde

IMG_0257.JPG IMG_0261.JPG IMG_0264.JPG IMG_0268.JPG IMG_0273.JPG IMG_0281.JPG

Oppe i Russadalen

fekk vi utsikt mot Viddal

og Bjørke

Finnes og Kalnes

Tussevatnet og

Hornindalsrokken

Dukhornet og

Russadalen

Viddal og Bjørke

Jan Peder ser toppen

IMG_0282.JPG IMG_0283.JPG IMG_0284.JPG IMG_0285.JPG IMG_0286.JPG IMG_0293.JPG

På ryggen opp mot

toppen var der ein

stor varde

Ryggen oppover mot

Dukhornet

Sledalen

Stor skavl på siste

ryggen før toppen

Dukhornet t.v, Jakta ca

midt på, Bjørke t.h.

Rognestøyldalen og

Bondalen sett frå Duhornet

IMG_0300.JPG IMG_0301.JPG IMG_0307.JPG IMG_0309.JPG IMG_0319.JPG IMG_0320.JPG

Nesten oppe.....

Utsikt frå Dukhornet

mot Viddal og Bjørke

Rognestøyldalen,

Kvistaddalen, Skårasalen

"Rogneduken" som

vi var på i vår....

Skårasalen

Kolåstinden klarte eg

også å zoome inn...

IMG_0321.JPG IMG_0322.JPG IMG_0325.JPG

..og Ørstabygda såg

vi også, om enn litt disig...

Masse flotte Hjørundf-

jordfjell...

Hornindalsrokken midt på bildet

Tussedalen og

Hornindalsrokken