Barcelona
Fredag 10.august tok vi oss ein tur til Barcelona. Vi var der til onsdag 15.august.
Hotellet vi budde på låg midt i sentrum av Barcelona, nær place Catalunya. Frå Place Catalunya går hovudgata Las Ramlas ned til havna. Barcelona er oppdelt i fleire bydelar, sjå kart under.
Hotellet vårt, Catalonia Duques de Bergara, låg veldig sentralt og vi hadde gangavstand til det meste. Hotellet hadde også symjebasseng og eit fint uteområde attmed bassenget, der vi kunne slappe av innimellom shopping, strandliv og andre opplevingar. Vi bestilte hotellet via www.octupustravel.com
Barcelona har flotte strender, og to dagar var vi på stranda. På stranda krydde det av selgarar av kald drikke og av thaidamer som tilbaud massasje. Eg og Tove fann ut at vi skulle ha massasje og ei lita thaidame kom bort til oss. Desse thaidamene oppheld seg nok ulovlig i Spania, iallefall på stranda, så då det dukka opp ein politibil kraup alle massøsene saman og prøvde å gøyme seg. Sidan ei av desse damene akkurat var hos kraup ho saman for at politiet ikkje skulle sjå henne. Vi fann ut at vi skulle hjelpe henne å sjå ut som ein "vanlig turist" så vi sa at ho kunne sette seg på solsenga. Jan Peder gav henne solbrillene sine, Tove hadde eit Det Nye liggande som vi gav henne og så fekk ho potetgull der ho sat. Både vi og ho syntest dett vart litt morsomt, så det vart litt fliring, og ho takka veldig etterpå.... og vi fekk massasje.
Her er nokre bilde frå stranda.
Barcelona hadde tre turistbussruter som gjekk rundt i byen, raud, blå og grøn linje. Billetten gjeld for alle tre linjene og gjeld for ein dag. Ein kan gå av og på bussen der ein vil, så såg ein noko ein ville kikke nærare på var det berre å hoppe av og ta ein annan buss når vi hadde sett nok. Det vart utdelt små høyretelefonar som du kunne plugge i setet på bussen og få informasjon på engelsk eller 6-7 andre språk.
Vi tok den raude og den blå linja, som gjekk i den nordligaste, vestligaste og sørligaste delane av byen. Her køyrde vi forbi fleire hus som den berømte kunstnaren Antoni Gaudi hadde laga. Artige og spesielle hus.
Vi kom så til Sagrada Familia som er Gaudis mest berømte byggverk. Dette er ei kyrkje som vart starta å bygge i 1883 og er framleis ikkje ferdig. Kyrkja er så spesiell at ein kan sjå og sjå og stadig oppdage nye ting. Og som det står i ei informasjonsbrosjyre om Sagrada Familia; "Alle ser ut til å bli like fascinert av dette byggverket - selv den trassigste tenåring blir stående og måpe foran fasaden".
Her er nokre bilde frå kyrkja
Her er også nokon videosnuttar av kyrkja.
Vi køyrde også forbi fleire andre bygninga og statuer, både gamle og nye, og her er litt bilder frå turen. Vi var også forbi fotballstadionet til FC Barcelona og forbi ein del av det olympiske stadionet frå OL i 1992. Her er litt bilde frå turane.
Ved nasjonalmuseet for katalansk kunst hoppa vi av bussen igjen. Museet låg på ei høgde og vi fekk god utsikt utover byen.
Her er eit par videosnuttar med utsikt utover Barcelona.
Frå stranda gjekk det taubane opp til Miramar Jardins og Parc de Montjuic. Eg og Jan Peder tok denne bana ein dag og fekk ei flott utsikt utover byen. Her er nokre bilde frå turen. Bana gjekk bl.a. over World trade center. På toppen av Mont Juic låg det ei festning.
Her er eit par videosnuttar frå turen opp og frå toppen av Parc de Montjuic.
Nokre bilder frå Las Ramlas og områda rundt. Sjå på veskeselgarane på gata kor kjapt dei kan samle saman veskene og stikke av når politiet kjem....
Barcelona hadde mange restaurantar å by på, dei fleste veldig bra. Ei vi treivst veldig godt på var Santa Monica. Restauranten låg heit inntil Las Ramlas og var på ein veranda ei etasje opp. Fantastisk mat og service. Kan absolutt anbefalast. Og ein bør bestille bord først. (adresse Ramblas 7)