Påska 2007
Fingeren !
Palmesøndag var eg ein tur opp til Fingeren. Gjekk frå Standalseidet og opp ryggen til høgre for firkanthaugen.
Det var litt overskya når eg gjekk oppover, men klarna opp og føret nedatt var upåklagelig. Hadde heile sida heilt for meg sjølv... herlig...!
Pølsegjengen på tur!
Skjærtorsdag er fast dag for Pølsegjengen å reise på tur ilag. Iflg. turoversikta til Pølsegjengen var det Navelsakertua som stod for tur. Men været var ikkje på vår side denne dagen, så vi gjekk ein tur i Rotevassdalen og opp til Vadsteinvatnet.... På returen var vi innom hytta til Jan Peder på Rotevassætra.
Mykje opne elvar, og lite snø innover dalen gjorde at dei fleste av oss klabba.... Men på tur var vi om vi ikkje var så mange denne dagen.
2.påskedag var eg, Jan Peder og Tove på Kyrkjefjellet. Det var mykje nysnø og flott vær. Imidlertid klabba både eg og Tove under fellane så vi fekk ein tung tur opp. Etterkvart som vi nærma oss skaret ovanfor Blåbreen auka vinden på, og det skya over og vart ganske kaldt og hustrigt. Men vi kom oss til topps. Øverst var ein del fokksnø og litt tungt føre, men lenger nede var det flott. Fin dag !