I s l a n d
Laurdag 28.juli reiste vi til Island. Vi tok fly frå Hovden via Oslo til Reykjavik. Flyreisa kosta ca 3.400 for heile turen T/R, så det var det ikkje noko å seie på. Alt anna som har med Island å gjere var dyrt.
Valutan er Islandske kroner, og 10 islandske kroner tilsvarar omtrent 1 norsk krone. så enkel omrekning.
Her er eit kart over Island. Island har ca 300.000 innbyggarar. Nesten 2/3 bur i området rundt Reykjavik.
Flyet vårt var ca 4 timar forseinka frå Gardermoen til Reykjavik, og når vi endelig kom til Reykjavik fekk flybussen motorhavari etter 2 kilometer.... så der stod vi, og venta på ein ny buss. Elles kjekk turen flott og vi hadde ei flott veke på Island.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Vi budde på hotel Skjaldbreid, som ligg i Laugarvegur, midt i sentrum av Reykjavik. Det er eit lite, men koselig hotell. Og dei som jobba der var veldig serviceinnstilt og hjelpte oss med det meste. Hotellet kan anbefalast på det sterkaste.
Tett ved hotellet låg den flotte Hallgrimskyrkja. Framfor kyrkja står statue av Leiv Erikson. Hallgrimkyrkja vart bygd over 40 år og vart opna i 1986. Kyrkja ligg på ei høgd i sentrum av Reykjavik og kan sjåast frå heile byen.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Noko av det første eg såg i Reykjavik, var statua av Ingolf Arnason, eller Ingolf frå Fjordane som han heitte i min barnelærdom. Ingolf var første som busette seg på Island, og dette var i år 874. Ingolf kom opprinnelig frå Rivedal i Sunnfjord. Så kvar gong vi køyrde forbi denne statuen på veg til Yndestad når vi var små kom det varnlige spørsmålet om kven dette var og kva han hadde gjort.... Så når eg fann statuen av Ingolf på Island så måtte eg sjølvsagt ta bilde av han.
![]() |
Søndag gjekk turen til den blå lagune, eller Blàa lònid som dei seier på Island. Her bada vi i det varme vatnet (36-39 grader) og kosa oss skikkelig. Lunsj fekk vi også kjøpe her. Og vi kjøpte vin og sat i det varme vatnet og naut livet.... Dette bør prøvast!
Vatnet i laguna var ikkje så blått som vi hadde trudd, men dette kom nok av at vi var der litt ut på dagen og det var mykje folk som "ruska opp" botnen, samt at det var sett opp store bokser med ansiktsmaskekrem som var spesielt laga for blå lagune (mud mask). Så det var mykje folk med kvite fjes å sjå. Den blå laguen er eigentlig større enn den delen som turistane badar i, så når vi gjekk utom sjølve "turistlaguna" så såg vi at vatnet her var heilt blått, då det ikkje hadde vore folk og mud-krem her.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Ein dag melde vi oss på ein busstur ut til Gullfoss, Geysir og Thingvellir. Været var ikkje på vår side denne dagen, då det var einaste dagen med dårlig vær for heile turen. Men det regna heldigvis mest på køyreturen mellom sjåverdigheitene.
Vegetasjonen i fjellet gror seint, og på det midterste bildet under kan ein sjå at folk har skrive namn inn i fjellsida. Dette skjedde iflg. guiden på bussen på 40-tallet, og "skrifta" viser enno.
Fleire stadar var vegen lagt utanom ein del store steinar. Dette er gjort pga at ein stor del av folket på island trur på dei underjordiske, eller dei skjulte folka. Dei skjulte folka bur under desse steinane. På fleire av steinane var det malt små hus, dette for å markere at dette var steinar det budde "folk" under. Dersom ein prøver å flytte desse steinane, eller øydelegge vil den som gjer det kome ut for ulykker eller maskinene som vert brukt stoppar opp.
Husa på Island er stort sett varma opp av vatn frå dei varme kjeldene. Pga mykje jordsjelv vert røra lagt i "sikk-sakk" slik at risting frå jordsjelv ikkje skal øydelegge røra. Dette viser på tredje bildet under her.
![]() |
![]() |
![]() |
Første stopp på bussturen var ved vulkanen Kerid, som er eit fa 6500 år gamalt krater. Meir opplysningar om vulkanen står på bilda under, foto teke av plakatane attmed vulkanen.
![]() |
![]() |
![]() |
Så kom vi til Gullfoss som er den mest kjende fossen på Island. Gullfoss er også eit av dei mest besøkte områda på Island. Og det var absolutt ein mektig foss, med to fossefall. Det første på ca 11 meter og det nederste på vel 20 meter.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Frå Gullfoss gjekk turen til Geysirområdet. Geysir som var den mest kjende varme kjelda som spruta vatn, har vore "død" sidan bebynnelsen av 1900 talet. Den mest kjende kjelda med sprutande varmt vatn er no Strokkur, som sprutar vatn ca kvart 5 minutt. Vatnet kan gå opptil 20 meter opp i lufta. Fantastisk artig å sjå på, men farlig å gå nær. Og som guiden på bussturen advarte; "Det tek kun 1 minutt å koke en turist" Elles var det mange små kilder som putra og kokte rundt alle stadar... Og eit par som var heilt "døde". På ei kunne ein sjå langt ned i jorda.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Thingvellir er ein nasjonalpark. Thingvellir var sete for det islandske alltinget frå år 930 til 1798. Alltinget hadde møte kvar sommar og her vart dei fleste saker avgjorde. Alt frå nabofeider til meir alvorlige saker, og lovendringar. Thingvellir ligg i det området der den amerikanske og den europeiske kontinentalsokkelen møtast og her er ei stor sprekke/krater som kvart år utvidar seg med 2 cm. I 2004 vart Thingvellir ført opp på Unescos liste over verdsarvar.
![]() |
![]() |
![]() |
|
Utsikt frå Thingvellir | Her hadde Alltinget sitt sete | Thingvellir . Alltinget sitt sete | Thingvellir |
Island hadde mykje god mat og drikke. Vi var rundt på kjøpesenter, som igrunnen likna heilt på dei vi har heime...., og vi vandra litt rundt i gatene og på restaurantar og pubar. Kjekt å vere turist og ikkje gjere noko i det heile også... Prisen på eit glas vin låg på ca 75 kroner, kaffi og te var ca 30-35 kroner pr. kopp. Prisen på ein god middag på ein restaurant varierte litt, men for ein god middag med dessert og ei flaske vin låg prisen på mellom 1200 og 1600 kroner. Du kunne nok få billigare mat, men då måtte du litt vekk frå sentrumsområdet.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Mmmmmm... creme brulè | Pynting av gatene?? | Flotte lyktestolpar... | Vin.... | ... og kaffi |
Ein dag tok vi turen til Hafnarfjordur, ein av nabo"byane" til Reykjavik. Her gjekk vi litt rundt i gatene og kikka og såg på Vikinglandsbyen dei hadde laga til der.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Island er kjendt for sine mange bad, både termalbad, badebasseng og varme kjelder av alle slag.... Ein dag var vi ut til eit stort badeanlegg i Laugardalenh, rett utanfor sentrum. Her kunne vi velge mellom bad med 36-38 graders varme og vanlige symjebasseng.
![]() |
![]() |
![]() |
Perlan, eller "The perl" var ein attraksjon i Reykjavik. Perland er ein restaurant som er bygd på toppen av 6 store tankar med varmt vatn. Vatnet er ein del av varmtvassforsyninga til Reykjavik. Perlan ligg på ei høgd rett utanfor sentrum av Reykjavik, og restauranten på toppen roterer, slik at ein i løpet av vel 2 timar har fått 360 graders utsikt. Utrulig flott. Og veldig god mat, og fantastisk service. Denne restauranten må absolutt prøvast av alle som kjem til Reykjavik.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Ein dag leigde vi Toyota landcruicer og køyrde inn i landet. Her fekk vi erfare kvifor du bør ha 4-hjulstrekkar dersomm du bur på Island, og at dårlige veiar på Island, det er dårlige grusvekar.... Men ein utrulig opplevelse var det. Fantastisk natur og utrulig spesielt. Og Jan Peder fekk køyre over elvar, noko som han likte godt.... Målet for dagen var Landmannalaugar. Vi starta frå Reykjavik og køyrde til Selfoss. Derifrå følgde vi vegen langs elva Pjorsa til Hrayneyarfoss og vidare til Landmannalaugar. Vegane vart dårligare til lenger inn i landet vi kom. Nokre stadar såg det ut som om det hadde køyrt ein bulldosar framfor oss og berre skufla vekk topplaget på marka slik at det vart ein veg der.... Vegane vart vistnok stort sett laga på 60-talet, men pga liten vegetasjon i dette området kunne det like godt vere i går dei var laga....
Vi hadde kjøpt med oss mat og drikke og det var nok lurt, for det var ikkje mykje butikkar eller restaurantar å sjå der vi køyrde.... og etter å ha køyrt nokre timar og ganske mange mil enda vi ved Landmannalaugar. Her var ikkje hus eller folk i mils omkrets, men jammen var det mange som hadde funne vegen hit likevel. Masse folk hadde slått opp telta her, og det var sanitæranlegg og ei ubetjent turisthytte her. Og ei varm kilde. Så her fekk vi bade i varmt vatn i fantastisk flotte omgivelsar. Returen gjorde vi på endå dårligare vegar, og over mange elvar, ned mot kysten og ned til Vik, og kysten tilbake til Selfoss og Reykjavik. Når vi kom ned til kysten var det heilt flatt, og vi såg enormt langt framover. Vi køyrde også rett forbi ein stor isbre, Myrdalsjøkulen. Sørligaste punktet på Island køyrde vi også forbi, ein høg ås som stakk opp frå alt det flate.
Her er litt bilde frå turen
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Her er to små videoklipp frå bilturen vår.... det var litt humpete så det ristar bra....
![]() |
![]() |
Vi hadde ei flott veke på Island. Skulle vi gjort noko annleis må det vere at vi då hadde brukt mindre tid i Reykjavik og heller hatt med bil og telt og køyrt litt fleire turar inn i landet, kanskje ein tur heilt opp i nord også. Men det får vi ta igjen neste gong vi kjem til Island.
På hotellet var det veldig mykje brosjyrer over alt vi kunne sjå og gjere medan vi var her. Og for dei som ville var det mulig å melde seg på bussturar både hit og dit. Guidane på turane snakka engelsk, men det var vistnok nokre turar med nordisk guide også for dei som ville ha det.
Vatnet på Island var forresten kjempegodt, nesten like godt som brønnvatnet heime i Fyldalen.
Island kan anbefalast på det varmaste.