Julianske borg

 

Tirsdag 21.august var det knallvær og vi var ein tur opp til Julianske borg og Grøthornet på Vartdal.

Vi køyrde framover dalen på Vartdal og parkerte ved garasjen der informasjonstavla om Julianske borg var sett opp.  Sist eg var her var det dårlig rås, men eg hadde lest i avisa for nokre år sidan at no var råsa rydda og godt skilta.  Skiltet ved garasjen var flott, og pila som viste at vi skulle gå til venstre for løa likeså.  Men så vart det dårligare.... så vi rota litt i starten og gjekk opp litt feil, men klarte å finne råsa litt lenger oppe og følgde den opp gjennom tett skog.  Oppe på heida forsvann råsa, men då var det lettare å gå så det gjorde ikkje så mykje.  Men eg håper dei som føler ansvar for råsa ryddar litt slik at det vert lettare å finne råsa for ettertida... og gjerne set opp nokre små raude pinnar oppe på heida slik at råsa er lett å finne også der.

 

IMG_00001.JPG IMG_00002.JPG

Her parkerte vi, og informasjonstavla ga mykje opplysningar. Pila ved garasjen viste at vi skulle gå til venstre for løa og då kom vi opp til ei attelege......  Her gjekk vi på høgresida av attelega då det såg ut til å vere ei slags rås der,  for ikkje såg noko meir skilt. Skiltet fann vi når vi gjekk nedatt.... Godt gøymt...

IMG_00004.JPG IMG_00005.JPG IMG_00006.JPG IMG_0001.JPG IMG_0002.JPG
Gå i venstrekanten av denne attelega Innimellom greinene på treet fann vi eit skilt når vi kom nedatt.... Ikkje så godt å sjå.... Mykje busker hadde vokse inn i råsa og gjorde den dårlig å sjå... Her bør ryddast litt.....

 

IMG_0005.JPG IMG_0006.JPG IMG_0003.JPG
Etter å ha studert kartet litt ..... .... fann vi ut at vi måtte meir til venstre for å finne råsa.... og der var ho..... og flott skilt også!

 

IMG_0008.JPG IMG_0009.JPG IMG_0011.JPG IMG_0013a.jpg
Oppe på heida forsvann råsa igjen.... ....men her såg vi målet så det vart lettare... Opp dit skal vi... Utsikt mot bl.a. Vassdalstinden og Saudehornet.

 

IMG_0023a_1.jpg IMG_0037.JPG IMG_0039.JPG IMG_0041.JPG IMG_0050a.jpg
utsikt mot Grøthornet. Molladalstindane,Romedalstinden og Kolåstinden langt bak. Jan Peder prøver labyrinten.... Julianske borg Julianske borg og Grøthornet Vassdalstinden, Saudehornet, Liadal- og Vartdalsfjell. Vartdal t.h. i bildet.

Videoklipp frå julianske borg ser du her

 

Vi gjekk vidare opp på Grøthornet og fekk ei flott utsikt til alle fjella rundt.

IMG_0062a.jpg IMG_0066.JPG IMG_0073a.jpg IMG_0084.JPG IMG_0085a.jpg
IMG_0092a.jpg IMG_0107.JPG IMG_0108a.jpg IMG_0115.JPG

Her er video av fjella også....

 

Tilbake til hovudsida

Tilbake til fjellbilde