
Åvasstinden, 1233 m.o.h.
Søndag 24.august fann eg ut at eg skulle gå på Åvasstinden. Dette er ein topp som sjeldan har besøk, men denne gongen kom det faktisk 4 personar til opp medan eg sat der.
Eg køyrde fram på Steinstøylen i Romedalen, og gjekk råsa fram mot Vassbakkane, men gjekk over elva før eg kom heilt fram. Fann rås opp gjennom skogen og opp på ryggen på venstre sida av elva. Fylgde råsa litt oppover, men denne forsvann etterkvert så då sikta eg meg inn mot skaret mellom Kuvane. Oppe i Ørstaskaret gjekk eg opp på ryggen mellom Store Kuven og Åvasstinden, og fann etterkvart råsa på ryggen som eg følgde til toppen. Utrulig flott utsikt frå denne toppen, så eigentlig rart den har så lite besøk som den har.
Iallefall ein tur som kan anbefalast til dei som ikkje har vore der.