Storegjelet
18 mai måtte eg i Romedalen og sjå kor stor fonna i Storegjelet var i år. Laurdag 10. mai såg eg frå toppen av gjelet at fonna hadde gått i løpet av veka før, og tok bilde derifrå, (1, 2, 3) men vanskelig å sjå kor stor fonna var på så stor avstand. Fonna var i dag ca 1 meter lavare enn gjelkantane, så den er ikkje på sitt største. Snøen var veldig våt og mjuk, så med litt godvær så forsvinn nok fonna fort, iallefall med litt hjelp.
Romedalen elles var stort sett tøya. Ein kunne køyre litt framom Kubbestøylen med bil. Ein del snø fram i Trongstien og området rundt der, men så var det stort sett tøya vegar fram til Storegjelet. Også vidare var det stort sett tøya. Men mykje øydeleggelsar på vegen frå i haust
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |