Sylvkallen
8.april vart det tur på Sylvkallen. Det var allereie begynt å verte lite snø nederste stykket, men ved å gå/renne over litt lyng og myr gjekk det fint med ski heile vegen.
Det var ein strålande dag, med mykje sol og lite vind.
Vi trefte på ein gjeng med "turistar" som var på Sunnmøre for å gå på ski heile påska. Trur dei var imponert over den flotte naturen vår, men vi var dei første "innfødde" dei hadde treft i fjella. Elles var det berre utanbygds folk som gjekk i fjella her meinte dei :-)