Sommaren 2004  

Tilbake til heimesida

Ferieturen sommaren 2004 gjekk til Sveits, Italia og Frankrike, med ein tur innom Monaco.

Vi tok fly frå Oslo til Geneve den 12. juli.  I Geneve leigde vi bil, ein Ford Focus, og køyrde til Chamonix.

I Chamonix var i 3 dagar.   Vi budde på Chalet Beuregard, kan anbefalast!

Den dagen vi kom var det overskya, men ellers ok vær.  Dagen etter var det skodde og regn, så vi såg ingen toppar..... skikkelig sunnmørsvær.

Men den andre morgonen vi var der vakna vi til knall blå himmel og strålande sol.

Slik vart også resten av ferien.

Her er nokre bilde frå Chamonix sentrum.....

Forstebestigar Mont Blanc.jpg

Frukost.jpg

Sentrum1.jpg

chaleet der vi budde.jpg

sentrum.jpg

sentrum2.jpg

Forstebestigar

Mont Blanc.jpg

Frukost.jpg

Sentrum1.jpg

chaleet der vi budde.jpg

sentrum.jpg

sentrum2.jpg

sentrum3.jpg

sentrum4.jpg

sentrum3.jpg

sentrum4.jpg

Den 14. juli starta vi dagen med å reise opp til Le Brevent, 2.525 m.o.h.   Først tok vi bane frå Chamonix og opp til Plan Praz, som låg på ca 2000 m.o.h. og vidare opp til Le Brevent.

Her  fekk vi strålande utsikt mot Mont Blanc og Aiguille du Midi og dei andre fjella rundtom.

Tove syntest kabelbanene til tider var litt skumle og kneip seg fast i den som stod nærast....

På veg nedatt tok vi ein pause på Plan Praz og såg på alle paraglidarane som hadde startplass her.

Le Brevent - eeeeehhhh.jpg Le Brevent - livsnyting.jpg Le Brevent - mot toppen.jpg Le Brevent - paa veg opp.jpg Le Brevent - tynne strengar.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc.jpg
Le Brevent - eeeeehhhh.jpg Le Brevent - livsnyting.jpg Le Brevent - mot toppen.jpg Le Brevent - paa veg opp.jpg Le Brevent - tynne strengar.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc.jpg
Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc1.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc2.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc3.jpg
Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc1.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc2.jpg Le Brevent - utsikt mot Mont Blanc3.jpg

Etter å ha vore på Le Brevent, tok vi turen over til andre sida av dalen, og opp til Aiguille du Midi, som ligg på 3.842 m.o.h.  Her tok vi først bane frå  Chamonix og opp til Plan de l'Aiguille på 2.308 m.o.h. og så vidare opp til Aiguille du Midi.  Her var det fantastisk utsikt mot Mont Blanc, 4810 m.o.h. og dei andre flotte fjella rundtom.

Aiguille du Midi - avslapning.jpg

Aiguille du Midi - toppen.jpg

Aiguille du Midi - utsikt mot Mont Blanc.jpg

Aiguille du Midi - utsikt mot Mont Blanc1.jpg

Aiguille du Midi - utsikt.jpg

Aiguille du Midi - utsikt1.jpg

Aiguille du Midi - utsikt2.jpg

Aiguille du Midi - utsikt2.jpg

Frå Aiguille du Midi gjekk det kabelbane over til Helbronner i Italia, 3.462 m.o.h.

Dette var altså ei kabelbane som ikkje hadde noko særlig stigning, men som førte oss over svære brear og mellom fantastiske fjelltoppar.  Utrulig flott!  

Frå Helbronner såg vi ned i Cormayeur Val Veny.    Mellom Chamonix og Cormayeur går den kjende Mont Blanc tunellen.

Aiguille du Midi - Helbronner, Mont Blanc.jpg Aiguille du Midi - Helbronner, mot Mer de Glace.jpg Aiguille du Midi - Helbronner.jpg Aiguille du Midi - Helbronner1.jpg Aiguille du Midi - Helbronner2.jpg Aiguille du Midi - Helbronner3.jpg

Aiguille du Midi - Helbronner4.jpg Aiguille du Midi - Helbronner5.jpg Helbronner - utsikt mot Mont Blanc.jpg Helbronner, utsikt mot Cormayeur, Italia.jpg Helbronner, utsikt mot Mont Blanc1.jpg
Aiguille du Midi - Helbronner4.jpg Aiguille du Midi - Helbronner5.jpg Helbronner - utsikt mot Mont Blanc.jpg Helbronner, utsikt mot Cormayeur, Italia.jpg Helbronner, utsikt mot Mont Blanc1.jpg

Dagen etter køyrde vi til Argentiere, nokre km nord for Chamonix.  Her tok vi bane opp til Grand Montets, 3.275 m.o.h.  Første bana gjekk opp til Lognan, 1.972 m.o.h. og så ny kabelbane opp til Grand Montets.  Her var det også flott utsikt mot Mont Blanc, og mot Glacier d'Argentiere.

Vi hadde også god utsikt ned i Chamonix dalen herifrå.

Grand Montets - glacier d'Argentiere.jpg

Grand Montets - toppen.jpg

Grand Montets - utsikt.jpg

Grand Montets, utsikt mot Aiguille du Midi.jpg

Grand Montets, utsikt mot Mont Blanc.jpg

Grand Montets, utsikt mot Mont Blanc1.jpg

Grand Montets, utsikt mot chamonix valley.jpg

Grand Montets, utsikt mot chamonix valley.jpg

Etter å ha vore i Chamonix noke dagar, køyrde vi gjennom Mont Blanc tunellen, til Cormayeur i Italia og vidare gjennom Aostadalen.  Ut på ettermiddagen stoppa vi i Ivrea og fann oss eit hotell for natta.  Språket var ingen problem, sjølv om hotellverten kun snakka italiensk og ikkje eit ord verken norsk eller engelsk.  Språkproblem er oppskrytt....

Artig var det også at då vi var på restaurant om kvelden og sat og diskuterte kva vi skulle ete, seier plutselig dama som kom med menyen at vi godt kunne snakke norsk for ho var dansk.... 

Ivrea - byvandring.jpg Ivrea - restaurantbesok.jpg Ivrea - sentrum.jpg
Ivrea - byvandring.jpg Ivrea - restaurantbesok.jpg Ivrea - sentrum.jpg

Frå Ivrea køyrde vi sørover mot kysten av Italia.  Vi kom til Savona ved Middelhavet og følgde vegen langs kysten eit stykke til vi kom til ein koselig liten "by".  Her fann vi oss eit hotell, og vart her i 2 dagar.   Vi viste ikkje kva byen heitte då vi sjekka inn på hotellet, så det måtte vi spørre om..... Byen heiter Laigueglia, og kan heilt klart anbefalast.  Fantastiske sandstrender var her også.

Laigueglia - byen.jpg Laigueglia - byen1.jpg Laigueglia - ettermiddagstur paa stranda.jpg Laigueglia - strandliv.jpg Laigueglia - strandliv1.jpg Laigueglia - strandliv2.jpg
Laigueglia - byen.jpg Laigueglia - byen1.jpg Laigueglia - ettermiddagstur paa stranda.jpg Laigueglia - strandliv.jpg Laigueglia - strandliv1.jpg Laigueglia - strandliv2.jpg
Laigueglia - strandliv3.jpg
Laigueglia - strandliv3.jpg

Frå Laigueglia var det bere 2-3 timars køyring før vi kom til Nice.  Her hadde vi bestilt hotell på førehand, og her slo vi oss til ro frå søndag ettermiddag til laurdag formiddag.  

Sidan vi ikkje hadde vore her før rekna vi med å måtte leite litt før vi fann hotellet, men vi hadde sånn flaks at vi fann hotellet eigentlig før vi starta å leite.

Hotellet heitte Hotel Brice, og var kjempebra.  Stort rom, og stort bad, aircondition og stor hage utanfor hotellet, der vi kunne ete frukost, eller bere sitte med eit glas vin eller ei orangina om kvelden....

Dagane var veldig varme, så vi var stort sett på stranda og sløva..... Eg og Tove prøvde fallskjermsveving etter ein båt..... Tove påstod at eg hylte kvar gong dei duppa oss i sjøen.... og det er vel ikkje så rart vel....??!!  Elles var vi ein tur opp til Chateau park, som ligg på ei høgde vest for byen.  Her hadde vi flott utsikt mot Promenade des Angles og byen ellers.

Ein kveld testa vi også trampolinene på stranda.... her vart vi festa med sele i eit stativ og så skulle vi hoppe og sprette..... vi klarte bakoversalto alle tre.... Imponerande!!

Nice, Chateau park.jpg Nice, Chateau park1.jpg Nice, Chateau park2.jpg Nice, Chateau park3.jpg Nice, Chateau park4.jpg Nice, Promenade des angles.jpg
Nice, Chateau park.jpg Nice, Chateau park1.jpg Nice, Chateau park2.jpg Nice, Chateau park3.jpg Nice, Chateau park4.jpg Nice, Promenade des angles.jpg
Nice, Promenade des angles1.jpg Nice, fallskjermsveving etter baat.jpg Nice, fallskjermsveving etter baat1.jpg Nice, fallskjermsveving etter baat2.jpg Nice, fallskjermsveving etter baat3.jpg Nice, fallskjermsveving etter baat4.jpg

Nice, hotellet - frukost.jpg Nice, hotellet - hagen.jpg Nice, stranda vaar.jpg Nice, strandliv.jpg Nice, strandliv1.jpg Nice, strandliv2.jpg
Nice, hotellet - frukost.jpg Nice, hotellet - hagen.jpg Nice, stranda vaar.jpg Nice, strandliv.jpg Nice, strandliv1.jpg Nice, strandliv2.jpg
Nice, syklande politi.jpg Nice, trampolinehopping - Jan Peder.jpg Nice, trampolinehopping - The big jump.jpg Nice, trampolinehopping - Torill.jpg Nice, trampolinehopping - Tove.jpg
Nice, syklande politi.jpg Nice, trampolinehopping - Jan Peder.jpg Nice, trampolinehopping - The big jump.jpg Nice, trampolinehopping - Torill.jpg Nice, trampolinehopping - Tove.jpg

Ein av dagane vi var i Nice tok vi toget til Monaco for å sjå på denne lilleputtstaten vi har høyrdt så mykje om.  Her alle rikingane har adresse for å spare pengar....

Havna var imponerande.... ikkje akkurat noko småbåthavn nei....  Vi var også opp til fyrstepalasset.  Flagget vaia på stanga, så ein eller annan var nok heime, men vi såg ingen.

Det var nokre små koselige gater bak fyrstepalasset, eller framfor kanskje det var....???!! der vi gjekk og kikka.   

Monaco - Monte Carlo.jpg Monaco - Monte Carlo1.jpg Monaco - Rally Monte Carlo vinnar 5 gongar.bmp Monaco, fyrstepalasset.jpg Monaco, fyrstepalasset1.jpg Monaco, utsikt - havna.jpg
Monaco - Monte Carlo.jpg Monaco - Monte Carlo1.jpg Monaco - Rally Monte Carlo vinnar 5 gongar.bmp Monaco, fyrstepalasset.jpg Monaco, fyrstepalasset1.jpg Monaco, utsikt - havna.jpg
Monaco, utsikt mot havna.jpg Monaco, utsikt.jpg Monaco, vakt.jpg
Monaco, utsikt mot havna.jpg Monaco, utsikt.jpg Monaco, vakt.jpg

Frå Nice køyrde vi Route de Napoleon opp til Grenoble.  Dvs. vi vart hindra av ein stor skogbrann og måtte ta ein omveg eit stykke av vegen.  

Første stopp på vegen var Castellane.  Det første vi såg når vi kom køyrande var ei kyrkje høgt på eit fjell.... ingen vegar gjekk opp.  Byen låg ned i ei t dalsøkk nedfor fjellet og var ikkje lett å sjå før du plutselig var inne i byen.  Her var vi innom eit gatekjøkken og kjøpte oss mat, men maten enda i bosset..... trur det er det eklaste kjøt eg har smakt....  Trur det måtte vere eit sjølvdauda dyr.... som dauda i fjor ein gong..... Ikkje kjøp mat her vist du kjem hit ein gong!!!!

Frå Castellane tok vi ein liten avstikkar og køyrde gjennom Grand Canyon du Verdon.  Her var det bratte fjell der veien snirkla seg ved sidan av og litt i halve tunellar under fjellkantane.... elva gjekk djupt nede i dalen.  Her var mykje turistar  så det var tydeligvis ein populær utfartsplass.

Vi køyrde så vidare nordover Route de Napoleon mot Corps, der vi fekk oss eit hotellrom for ei natt.  

Dagen etter køyrde vi til Grenoble.   Grenoble hadde OL i 1968 og er ein nokså stor by, så vi trudde kanskje at dette var ein by med mykje å sjå..... men der tok vi feil.....  Trur det må vere den mest "døde" byen eg har sett.... Ikkje mange menneske å sjå, og det einaste som var ope var 

Mc Donald. Greit nok at det var søndag, men likevel....  Etter å ha gjort ein kort stopp i Grenoble køyrde vi vidare mot Albertville.... også ein OL by, i 1992 denne gongen. Byen var vel på størrelse med Lillehammer, kanskje litt mindre, men her var det heller ikkje noke liv, men vi  fann i det minste ein kafe som hadde ope så vi fekk oss mat.

1-Route Napoleon.jpg

2-Castellane.jpg

3-Grand Canyon du Verdon.jpg

3-Grand Canyon du Verdon1.jpg

3-Grand Canyon du Verdon2.jpg

4-Corps.jpg

1-Route Napoleon.jpg

2-Castellane.jpg

3-Grand Canyon du Verdon.jpg

3-Grand Canyon du Verdon1.jpg

3-Grand Canyon du Verdon2.jpg

4-Corps.jpg

5-Grenoble.jpg

5-Grenoble1.jpg

6-Albertville.jpg

6-Albertville1.jpg

5-Grenoble.jpg

5-Grenoble1.jpg

6-Albertville.jpg

6-Albertville1.jpg

Etter å ha køydt gjennom Grenoble og Albertville sikta vi oss mot Annecy som mål for dagen.

Og her vart vi ikkje skuffa.  Dette var ein kjempekoselig by. Blomster overalt, og kanalar mellom gatene.... reine Venezia.  Massevis av restaurantar og små butikkar og boder.  

Hit skal eg heilt klart igjen ein gong!!!

Annecy - byen.jpg

Annecy.jpg

Annecy1.jpg

Annecy2.jpg

Annecy3.jpg

Annecy4.jpg

Annecy - byen.jpg

Annecy.jpg

Annecy1.jpg

Annecy2.jpg

Annecy3.jpg

Annecy4.jpg

Annecy5.jpg

Annecy5.jpg

Frå Annecy køyrde vi 4-5 mil til Geneve, der vi skulle levere bilen før kl. 12.  

I Geneve var vi i fjor også, så her hadde vi bestilt same hotellet som i fjor, Hotel Central, som låg veldig sentralt til i byen, og var billig.   Svanene var ned på elva/innsjøen i år også, og heldigvis var kringleseljarane der i år også, så vi fekk kjøpt oss kringle.... dei kan anbefalast på det sterkaste, mmmmm...

Avslapning.jpg

Svaner.jpg

Verdens beste kringler, laga i Geneve.jpg

Avslapning.jpg

Svaner.jpg

Verdens beste kringler, laga i Geneve.jpg

Så var det på tide å sette kursen heimatt.... 28. juni kl. 11.20 gjekk flyet frå Geneve til Oslo.

Frå flyvindauget såg vi mot Mont Blanc i Chamonix der vi var i starten av ferien, og vi såg mot Matterhorn og Monte Rosa i Zermatt, Sveits, der vi var i fjor.

Utsikt fra flyet.jpg

Utsikt fra flyet1.jpg

Utsikt fra flyet.jpg

Utsikt fra flyet1.jpg

Turen vi tok kan anbefalast på det varmaste.

Linkar:

Widerø - billettbestilling

Reisefeber - internettreisebyrå

Chatlet Beauregard, Chamonix

Chamonix, off. heimeside

Hotel Central, Geneve

Geneve, off. heimeside

Geneve, turistinformasjon

Nice, off. heimeside

Nice, turistinformasjon

Hotel Brice, Nice

Italia, turistinfo

Franceguide.com

Route de Napoleon

Ferieboligar

Laigueglia

Monaco, off. heimeside

Annecy

Annecy, heimeside