Mandelspon

(kosteskaftkaker)

 

100 gram mandlar

100 gram sukker

100 gram smør/margarin

2 ss kveitemjøl

¼ ts. Vaniljesukker

2 ss kaffifløyte

 

Skold og mal mandlane (dersom du ønskjer litt mørkare kake treng du ikkje skolde mandlane.

Ha alt i ei gryte og rør til blandinga er jevn og varm (ikkje koke)

Plasser røra på smurd plate med teskei, med god avstand mellom kakene då dei flyt veeeeeldig utover.

 

Steikast ca 8 minutt ved 175 grader.

 

Kakene kan enten verte kalde på steikeplata, eller du kan forsiktig ta dei av plata når dei har begynt å stivne, og legge dei over eit kosteskaft for å få ei runda form på kaka…..

NB: fettet flyt, så ha noko under kosteskaftet….