Honningkaker
100 gram smør
150 gram honning
150 gram brunt sukker
2 egg
1/2 ts støtt nellik
revet skal av 1/2 sitron og 1 appelsin
1 ts. hjortesalt
500 gram kveitemjøl
Pynt:
Glasur av smelta sjokolade, evt. eggekvite, melis og sjokolade (eller kakao)
Smelt smør, honning og sukker ved svak varme. La det få ca romtemperatur før du har i dei piska egga saman med det revne skalet. Tilsett mjøl, krydder og hjortesalt og elt godt.
Dekk deigen med mjøl og la den stå kaldt, gjerne eit par dagar
Kjevl ut ca 3/4 cm tjukt og stikk ut hjerteforma og runde kaker. Leggast på smurd plate og settast inn i forvarma omn ved ca 200 grader C. Sett ned temperaturen til 175 grader C, og steik kakene i ca 15 minutt.
Når kakene er kalde smør ein på sjokoladeglasur.
Oppbevarast i kakebokser.