Potetlefser

 

½ kg kokte poteter

1 l mjølk

125 gram semulegryn

125 gram margarin

125 gram sukker

Kveitemjøl

 

Kok opp poteter dagen før.

Lag graut av mjølk og semulegryn, avkjølast (Lagast gjerne dagen før)

 

Mos dei kokte potetene godt (ikkje bruk miksar, då vert gjerne potetene seige), bland med grauten, margarin og sukker.  Tilset mjøl til deigen er passe god å kna.

Prøvebak ei lefse.  Er det for lite mjøl vil det vere lett å bake, men også lett å øydelegge.

For mykje mjøl vil gjere det tungt å bake.

 

Og som morfar sa….. ”lefsene skal vere så tynne at du kan lese Sunnmørsposten gjennom….”  

Men det er ikkje alltid like lett å få til…..

 

Steikast på takke

Oppskrifta er til ca 30-40 lefser