Påska 2005
Det var flott påskevær i år. Nokre dagar starta med litt skyer, men dei fleste dagane enda opp i strålande sol. Det var mildt, opp i 13-14 grader på det varmaste..... og so kom sola i tillegg. Ikkje rart fonnene kom som perler på ei snor nedover fjellsidene....
Skjærtorsdag gjekk vi ein tur i Rotevassdalen og inn til Vadsteinvatnet. Det var litt grått og litt vind, men då vi var på heimveg klarna det opp og sola kikka fram....
| Nesten på Vadsteinvatnet | Opp mot Vadsteinvatnet | Vadsteinvatnet | Vadsteinvatnet | Rannveig | Vadsteinvatnet |
| Vadsteinvatnet | utsikt mot Follestaddalen | Utsikt mot Volda | Utsikt mot Volda |
Langfredag gjekk vi ein tur på Sandhornet. Det var litt lett dis når vi starta, men etterkvart klarna det opp og vi fekk ein kjempeflott dag. Vindstille på toppen, så vi laga oss ein flott sitteplass og sat i vel 2 timar på toppen og naut sola......
| Rastepause | Utsikt mot Åmdalen | Seilen-Hellefjellet | Svett??? | Skavlen på Sandhornet | Drikkepause |
| Skavl på Rebbestadhornet | Rebbestadhornet | Utsikt mot Follestaddalen | På toppen | Rastepause | Livsnytar.... |
| Utsikt | Utsikt |
Laurdag gjekk vi frå Kolåsen, gjennom Romedalen til Ørstaskaret. Vidare ned Langedalen til Mossætra og over Fyldalheida til Fyldalen..... derifrå var det kort vei til Kolåsen der bilen stod parkert....
Dagen starta med overskya vær, men når vi kom opp på Ørstaskaret byrja det å klarne opp, og nedover Langedalen hadde vi strålande sol.
| Img_0052.jpg | Img_0053.jpg | Img_0057.jpg | Img_0059.jpg | Img_0060.jpg | Img_0062.jpg |
| Img_0063.jpg | Img_0064.jpg | Img_0066.jpg | Img_0068.jpg | Img_0069.jpg | Img_0071.jpg |
| Img_0072.jpg |
Søndagen kom med strålande sol frå morgonen av. Det hadde vore kuldegrader om natta så vi gjekk på skareføre innover Rotevassdalen, første rastepause på Rotevassætra. Iflg. Jan Peder var det varmare enn nokon gong tidligare...... han hadde aaaaldri svetta så mykje før..... så av med kleda!
Vi gjekk nesten inn til Vadsteinsætra og opp ryggen og opp på Koppefjellet. Litt hardt oppover sida, så nedover tok vi ein annan veg, der sola hadde smelta snøen litt meir...
Flott tur og flott dag!
Mandagen starta med heilt overskya vær så vi tok sikte på ein tur i Romedalen og på hytta. Når vi nærma oss Kolåsen såg vi at Romedalen hadde blå himmel og sola strålte..... I resten av "verden" var det tjukk skodde.... Det vart ein flott dag i dag også. Først ein tur framover dalen, og så tilbake til hytta der vi steikte karbonader og sola oss i hytteveggen.