ROMEDALEN,

OG BRUKEN AV DEN

- av Guttorm Foldal (skrive ca 1980)

Først skal me sjå noko på kva namnet på dalen tyder:

Den første som skreiv om Romedalen var Rasmus Buset, men det samsvarar med det Johs. Buset skreiv i Vartdalsoga; "Proffessor luf Rygh meiner at fyrste lekken i namnet, Rome - inneheld eit gamalt namn på Barstadvikelva. Dalen på andre sida av vasskillet frå Barstaddalen til Follestaddalen i Ørsta vert kalla Romedalen, og vi har t.d. Romedalstinden der.  Dette gamle elvenamnet heng truleg saman med romr = røyst, og roma = tala høgrøysta.  Gardsnamne Romestrand skulle då tyda Garden på stranda ved den høgttalande (brusande) elva".

Så skal me sjå kva Randersboka, Sunnmøre, har å fortelja om dette; "Romedalen - Elvenamn av eit ord gno, Romr = røyst, stemme, og eit verb roma = tala høgrøysta.  Både elva gjennom Romedalen og Barstadvikelva må ha hatt same namn.  Det er vanlig at to elvar som frå same stad renn i motsett retning har same namn".

Romedalselva renn med stort fall, særlig frå Kubbestøylen og til den "kulminerar" med Kolåsfossen.

STADSBESKRIVELSE

Romedalen ligg temmelig nær nord-sør retning, så sjølv om dalen er nokså trong med bratte fjell på begge sider, har ein gløtt av sol, sjølv ved juletider.  Avviket frå nord-sør retning er i alle høve heilt ubetydelig.

Landskapet er temmelig skiftande, med Kolåsnausa som næraste nabo til Kolås og det sørligaste grensepunktet for fjellrekkja på austsida av dalen. Vidare framover kan ein nemne Kolåsskåla med Gluggen, eit hol i fjellet, som etter segna skal vere laga av pila til Olav den Heilage, og deretter hamna ned i Standal ( ein stein som ser ut som ein stor bautastein).  Men mest dominerande er Sunnmøres konge; Kolåstinden, sjølv om Storegjølstinden så smått synest å taka hevn på den når ein ser den frå Steinstøylen. Framanfor Storegjøstinden ligg Romedalsskaret, og ein kan her gå over til Likkjestandaldalen.  Lenger fram ligg Romedalstinden, og mellom Romedalstinden og det pittoriske Hallehornet har ein Steinstøylskaret, som ein innfallsport til den nesten legendariske Molladalen....

Hallehornet har alt vorte nemnt, og nærast i rekkja kjem det som i Barstadvik vert kalla Middagshornet.

På andre sida av dalen, vestsida, har vi lengst heime Årsætherhornet, med Tverådalen, Kjerringa, Høgehornet, Heimste- og Fremste Raudfonndalstind, Sveddalstinden, Høgehornet og Ørstaskaret.

I skara mellom desse tindane er det fleire stadar mulig overgang til Langedalen, beste ruta er over Ørstaskaret eller opp gjennom heimste Raudfonndalen, mellom Heimste- og Fremste Raudfonndalstinden.

Frå heimste Romdalsstøylen og fram til Steinstøylgarden er det ei stor flat myr.  Om lag heimste halvparten av den er nesten utan fall, så elva her er nesten stilleståande.  Eit stykke heim for Romdalsstøylen er elvedraget nokså trangt, og dertil så ligg der ein stor stein midt i løpet, sli at når det er storregn så veks elva mykje opp, og då vert heile sletta framover mot Steinstøylen sett under vatn, og heile området framover vert eit samanhengande vatn.

 

Straks mot grensa til Vartdal er Vassbakkane med eit lite vatn, som har to namn; Vassbakkevatnet og Iglevatnet. Sistnemnde namn kjem av at det har gått rykter om at det skal vere igler der.

Elles fell det mykje snø i Romedalen. Mykje av snøen i Follestaddalen fell når det er nord og nordvest vær, og det står då rett heim gjennom Romedalen, god et er nok med grunnar til at når ein kjem eit stykke framom Årstæther så veks snømengda slik at på Kolås og i næraste områda der, kan vere ein halv meter enn lenger heim i Follestaddalen, endå det til vanlig også der er mykje snø.  Dertil er det temmelig fonnfarleg i Romedalen, så vårstida er der store ryggar med snø etter fonnene. Dette er då med og held oppe ei relativt stor vassføring i elva fram over forsommaren.

Einaste støylen (av 7) som er fonntrygg er Kubbestøylen.  I 1918 vart alle sela på Steinstøylen tekne av fonna.  Fonna kom frå vestsida av dalen og sopte alle sela av murane.  Det var ingen som hadde rekna med at sela var i fare for ei fonn som losna på vestsida av dalen.

Frå Kubbestøylen og heimover er det særlig stort fall på elva, som der renn på nakne berget mesteparten heimover til den fell i Kolåsfossen.  Kolåsfossen har nedste delen eit loddrett fall på ca 5 meter.  Det er stor slitasje på berget, så fossen har endra seg ein heil del berre dei siste 50 åra.

Kva tid Romedalen vart teken i bruk som beitemark er noko uråd å svara på no,  men ein må rekne med at ettersom talet på gardar vaks i Follestaddalen, vaks  trongen etter meir beitemark, og at den såleis vart nytta til beite for buskapen tidlig.  Heilt til slutten av forrige århundre laut ein vakta buskapen både dag og  natt for udyr, og frå først av hadde dei heller ikkje sel.

Ein mann som no er død, har fortalt at første selet stod framfor enden av  Holmegjerdet.  I elva der er ein foss som er kalla "Likkjestobbakfossen" (namnet  har den fått etter Likkjestovebakken, der den nemnde stova stod).  Etter det han  fortalde var selet nytta av mjølkarane i først tida, og ettersom  mjølkespannene             var opne trebøtter, komd et vel med å ha ein stad å setje dei frå seg, der dei var  trygge for buskapen. Gjetarane gjorde seg også nytte av selet.

Fyrste tida måtte nok mjølka bærast heimatt kvar dag, for skulle ein kunne ysta og kinne var det naudsynt med fast eldstad. Ei tid var det elles plassert eit kvernhus med kvern ned for Likkjestobbakfossen, men under ein stor flau vart både kvernhuset og kverna skylt bort, og kvernhussteinane vart så nedgrytt av stein at ein aldri såg dei meir.

 

SÆTRESTØYLANE

Første verkelege sætrestøylen som vart teken i bruk var Kubbestøylen.  Seinare kom så Romdalsstøylen til, så det ei tid var to sætrestøylar. Dette ligg nok ei god tid tilbake, for Nils Kolås fortalde kva han hadde høyrdt av bestefaren sin.  Han hadde fortalt at ein gong det hadde vore eit overhendigt uvær, tok ein frå Kolås mjølkekomen og skulle heim på Kolåsen, men han kom ikkje lenger enn heim mot Trongstien (han kom frå Romdalsstøylen), der hadde gått eit digert ras.  All jord og grus i bergsida ovanfor hadde rasa ut så berre nakne berget stod att, det som sidan har vore kalla Breisvedet.  Nils Kolås meinte at så kort veksttid som det er her, har det teke minst 200 år å gro såpass som det har gjort.

Kva tid Romdalsstøylen har vore oppdelt slik det er no, kan eg ikkje tidfeste, men Olagarden fekk sin del i heimste området, og har vore kalla Olastøylen sidan.  Så kjem det som vert kalla heimste                          Romeddalsstøylen; Brauta og Massgarden si sæter.  Fremste Romdalsstøylen, tilhøyrande Iverhaugen og Koåls, og Steinstølylen tilhøyrande Rebbestad.

                                                                                                                                        

Det er mange som har grunda på kvifor Kolås har fått sæter i lag med bruk på Follestad, men Andreas Foldal sa at det var ingen stad det var så fonnfritt at det kunne stå gard, og at det var årsaka til at Kolås og Iverhaugen fekk gard i lag.

Når me først er på Romdalsstøylen, skal eg nemne noko eg synest er merkelig, og som eg nemnde med Nils Kolås.  Eg sa til Kolås at eg synest det var rart at myra framfor Romdalsstøylen var så fast som ho var.  Ein skulle tru at det var meir blautmyr, slik som terrenget er.  Han fortalde då at den gongen kvia vart tekja etter   flaum og jordras, då var det også eit veldig hylkjeregn på Vassbakkane, som forårsaka ei voldsom utgroping der, så elva tok med seg store mengder sand og grus, som la seg utover myra på Romdalsstøylen, og det var årsaka til at myra vart så fast, og beitet vart så mykje betre etter at det grødde til att.  Dette skjedd 16. juli 1873.  Også på Vartdal, Nøre Vartdal og i Barstadvik var det stor skadeflaum denne gongen.

 

 

 

 

 

   

Årsæther og Moane var lenge saman med Foldal og Langstøyl på Kubbestøylen. Eg spurde Andreas Foldal om han kunne fortelja kva tid Årsæther og Moane flytta ut frå Kubbestøylen.

 

Han fortalde so; "Mannen på garden vår (Pe-garden) heitte Hallvard og han var gift med ei frå Oppigarden på Årsæthra. Bror hennar heitte Jon og var gift med syster til Hallvard (det som me til vanleg kallar syskjenbyte).  Vidare fortalde han at oppigardselet var mykje betre enn Pe-selet, og så vart dei einige om at Hallvard skulle overta Oppigardselet mot at Hallvard skulle hjelpe Jon med å få opp nytt sel på Årsæthersætra". 

Hallvard hadde skjøte på jorda frå 1817-1838. Etter dette skulle det då hendt ein gong i 1830 åra.

 

Etter andre kilder vert det hevda at det var først ei 20 års tid seinare dette hende, utan at eg no torer å seie noko heilt visst om dette.  Men eg må leggja til at Andreas hadde god greie på hendingar frå eldre tider.

 

Moane tok atterhald om at dersom selet deira vart teke av fonna skulle dei ha rett til å flytte tilbake til Kubbestøylen.  Men selet deira stod så langt ut i dette århundret at det ikkje var aktuelt med det.

 

Årsæthringane tok ikkje noko slikt atterhald, for det var nok ingen som rekna med at fonna skulle gå over den høge Tveråbakken.  Då dei flytta heim på Årsæthersætra sette dei opp tilsvarande sels om var i bruk på Kubbestøylen, med fjøs under for buskapen.  Men det utrulige hende at fonna tok sela både ein og to gongar, og etter siste gongen flytta dei til ein ny plass, og bygde sela mindre og då med fjøsplass berre for 2-3 kyr.  Dei rekna då med at i tilfelle altfor ufyselig uvær, så var det ikkje lenger heim, enn at dei tok buskapen heim over natta.

 

Romedalen har altså i dag 7 støylar;

Årsæthersætra, Kubbestøylen, Moastøylen, Olastøylen, Heimste- og Fremste Romdalstøylen og Steinstøylen.

 

 

LIVET OG ARBEIDET PÅ SÆTRA

 

Sela på støylane stod jamt over med lengderetninga på tvers av dalen, og dei var delt i tre; utselet var størst og der var det grua (eldstaden) låg.  Innselet med gong på begge sider, og løda der ein i eldre tider hadde inn høy som var slege på sætra.  Den tida dei dreiv med ysting gjekk det med ein god del ved, og den hadde dei i gangen på same sida som grua.  I andre gangen hengde dei frå seg klede, og på same sida var det plassert ein sengekarm på golvet, så det var nærast som ei flatseng.

 

I innselet var det oppsett hyller på eine langveggen.  Desse hyllene var til å plassere mjølkeringjene på.  Mjølka vart silt i dei, og så stod dei nokre dagar til rjomen hadde flyte opp, så dei kunne fløyta den og samle den i eit kjerald til den vart kinna.  Det skulle nokså mange ringjer til for å røma all mjølka og innselet vart vesentlig brukt til det.  Det var ikkje glas i innselet, men i mønet hadde dei ein ljore som lyset kom ifrå.  I innselet var det også eit bord som dei åt ved, og som når ikkje var i bruk vart hengsla til veggen.

Høyet som dei slo og turka på sætra hadde dei i det som vert kalla lødå. Det vart køyrt heim om vinteren på snøføre.

Litt tilbake til desse mjølkeringjene.  Med dei var det eit heilt storarbeid. Først måtte "formene" (av tre) setjast i vatn så dei trutna, for stod dei tørt vart dei så gsne at dei ikkje heldt mjølka, og arbeidsamt var det også  sidan med sandskuring og vasking.

Kinninga vart elles for ein stor del utført med vasskraft. Det skulle ikkje so mykje vatn til for å driva desse små kinnene. Men ystinga var arbeidskrevjande, men så var dei vande med hardt arbeid også.

Den tid det var ulv og bjørn på ferde var det nok godt å ha fjøsane for buskapen. fjøsane låg unders ela, der var det også eit lite krypinn for grisen.  Ja, for grisen høyrde også med til buskapen på den tid. Etter at rovdyra vart utrydda i Romedalen, og dei fleste andre stadar i landet, vart ikkje fjøsane i bruk anna enn ved uvær.

Omkring 1890 kom så vegen fram, og dette forenkla sætrearbeidet mykje, og ikkje så lenge etter vart det bygt meieri i Follestaddalen og det gjorde også sitt til å lette arbeidet.

Når det ikkje vart slege gras på sætra lenger, vart det innreidt eit rom til i selet, det som før var lødå.  Der vart innreidt med omn, og grua vart utkasta.

Det var fastlagt kor mange mjølkekyr kvart bruk hadde rett til å ha på sætra.  På Fyldal hadde kvart bruk rett til å ha 21 kyr.

Før vegen kom, var det heller ikkje bru over elvane. På kubbestøylen var det berre tre var der kyrne kom seg over, for elva var så storsteinete.  Det første vadet var straks framfor der Kubbestøylbrua er no, eit framfor Trongstien, der mivassletta har namn etter (Midtvassletta), og så eit vad fram ved Moagarden.

Det var alltid slik at tida ein var på sætra var delt i to, første sætremondet var somme tider berre i 3 veker, og så var det beiting i heimemarkene i omlag 5 veker. For skulle ein få full nytte av beitet i Romedalen, trongs det ei kvilepause på tre - fem veker så graset fekk vekse opp at til siste sætremondet. Siste sætremondet varte lenger enn det første, nesten fem veker, og ofte kunne det være uværet som jaga dyra heimatt, for klimatisk er ikkje Romedalen særs blid.

Tradisjonen med mjølkinga heldt seg nok temmelig uforandra fram mot siste krigen, ja, kanskje lenger.

Fyste sætremondet mjølka ein om kvelden i 5-tida, og etterpå for kyrne på kveldsbeite. Etter at dei var komne att derifrå måtte ein av stad og telje dei, for å sjå om dei var komne att, og dette var i omkrign 10-tida om kvelden.  Men om morgonen kunne det skilja mykje kva tid dei mjølka på dei ymse støylane. På Romdalsstøylen mjølka dei i 2-tida om morgonen, og på Steinstøylen noko før. Så var det seinare di lenger heim ein kom, slik at når mjølkarane for heim forbi Kubbestøylen, var dei sist å stå opp, dei stod opp først i 4-tida om morgonen.

På same støylen måtte dei mjølka alle kyrne på same tid, for dersom ein ikkje vart ferdig i rett tid, reiste kyrne på beite. 

Dette med mjøkinga hadde nok vore slik i endelige tider, og tradisjonen var seigliva. Men etter siste krigen vart det skipling med dette. Det vart slutt med å telje buskapen om kvelden, og kyrne kom ikkje alltid tilbake om kvelden.  Då gjennomførde dei den skikken at ein av mjølkarane etter tur stod opp tidlig og hetna buskapen heim på støylen, og på denne måten vart det ein god del seinare dei mjølka.  Dette var gjennomførlig også av den grunn at det var fleire som slutta å ha kyrne på sætra, så det vart ikkje matalaust, og kyrne såleis ikkje søkte så høgt opp i fårleg terreng.  Litt etter litt vart det fleire og fleire som slutta med å mjøke kyr på sætra, for kulturbeite kom etterkvart i bruk.

I eldre tider var det forresten mest ikkje tale om å ha sauene på sætra, men det har no vorte dei som har Romedalen til beite, saman med ungdyr og kyr som er mjølketurre.

I den seinare tid har Romedalen vorte meir og meir populær som utfartsstad, og noko meir storfeldt skal ein leite lenge etter. Eg skal sitere kva ein dansk forfattar skreiv i Sunnmørsposten for ein del år sidan.  Han heitte Simon Gravborkey (orsak meg om eg stavar feil).  Han sat på Hallehornet og såg seg ikring; "Noe av det yndigste jeg har sett, og alt dette får en nesten fra intet".

Ei av dei site helgane om sommaren var det på sætra noko ein kalla vitjarhelg. Det vil seie at dei næraste, og gjerne slike som var innbedne kom fram på sætra og vitja sætrejentene.  Og kosten, ja det var rjomegraut og åfallringje (mjølkeringje).  Og det kunne verta slik at ein skulle smake rjomegrauten både med den eine og den andre, så det kunne verta vel mykje av det gode, iallefall åt mange slik at dei hadde stygg til graut i årevis etterpå.

Siste veka på sætre kokte sætrejentene noko dei kalla "skeida".  Ja, det var igrunnen ikkje noko anna enn ein rjomegraut som var kalla så.  Men det knytte seg noko til den, og det var at gutane på garden skulle prøva å gjeta opp kva tid jentene skulle koke skeida, og så prøve å ta den frå dei.  No var det ikkje alltid så enkelt å få greie på det, for jentene brukte å halde til i eit sel som var lett å stengja. Dertil prøvde dei å halde det hemmelig kva tid det skulle skje.  Men det hende ein skjeldan gong at gutane greidde å stela den.

Men ein gong fekk jentene ei ekstra lang nase.  Det var eit overhendig uvær, så jentene var heilt trygge på at det ikkje var gutar på ferde, så då grauten var ferdig, opna ei av jentene døra, og sa; "Vær så god og forsyn dykk!".  Men det skulle ho ikkje sagt.  Trass uværet var gutane der og labba inn og knabba grauten.